We are currently migrating our data. We expect the process to take 24 to 48 hours before everything is back to normal.
Helge Johnsen med Viser & Slikt

Artist

Helge Johnsen med Viser & Slikt

Data may be outdated

Last updated: 1 month ago — Click refresh to get the latest statistics.

Helge Johnsen er vestlandsk songpoet, busett i Førde. Saman med kontrabassist Ove Mjåtveit og gitarist Ivar Bruvik Sætre byr han på viser merkte av levd liv – «viser for vaksne i alle aldrar», som han kallar det.
Samarbeidet Helge Johnsen med Viser & Slikt oppstod då Helge gjekk ut av presseyrket i 2022. Etter ungdomsår som visesongar hadde han lagt visene bort, men då journalistlivet var over, kom dei tilbake.

Gamle og nye songar fekk nytt liv. Sommaren 2022 gjekk Helge og Ove på scenen i Førde, med Alf Vidar Snæland som lydmann og produsent. Seinare kom Ivar med i laget. Det skulle vere éin konsert. No, ved utgangen av 2025, har det blitt rundt førti.
Songane er lågmælte og melodiske, framførte med stålstrenggitarar og kontrabass. Dei løfter fram tekstar om livets endring, kjærleik, vestlandsvemod og lune glimt av humor. Nokre viser er gamle, andre nye, og nokre er nyskapingar der dikt og melodiar er kopla saman.

Helge var del av visebølga på 1970-talet, men lét songane leve stille medan han arbeidde som journalist i Firda. No er han tilbake med lyrikken og gitaren.
Ove spelte gitar i danseband på 70- og 80-talet, før han gjekk over til kontrabass. Han er musikalsk altetande og spelar alt frå symfoni til tango og jazz.
Ivar byrja å spele som 13-åring, meistrar sjangrar frå jazz til rock og blues, og bidreg i trioen med melodisk, akustisk visegitar.

Monthly Listeners

89

Followers

6

Top Cities

5 listeners

Links