Data may be outdated
Last updated: 1 month ago — Click refresh to get the latest statistics.
Bak artistnamnet Lydven står vossingen Øystein Lydvo, tidlegare bassist og låtskrivar i band som Good Time Charlie og Hot Little Mama, samt anerkjent og prisløna musikkterapeut frå Bergen.
I 2024 debuterte Lydven med singelen "Glad i deg", der han spelar alt sjølv. I desember same år tok han initiativ til innspeling av julesongen "Jolekveld", med tekst av vossingen Lorentz Nybø og melodi av Øystein Lydvo. Under artistnamnet Bergen For Verden vart det spelt inn musikkvideo, laga spleis og arrangert dugnadskonsertar til inntekt for Redd Barna.
Våren 2025 kom Lydven med EP'en "Going Back", med live opptak frå tingingsverket i Vangskyrkja på Voss Blues & Roots Festival i 2003.
Lydven held no på med å spele inn plata "Dagen er ny". Fyrste smakebit frå plata fekk du med singelen "Kom deg heim!" sommaren 2025. Sjangeren kan best skildrast som viseblues på vossamål.
10. oktober, på Verdsdagen for psykisk helse, kom singelen "Humla", som handler om psykisk sjukdom og håp.
9. november, på farsdag, slapp Lydven singelen "Lydven", komponert av, og spelt inn i saman med, far hans Arnfinn Lydvo. Utgjevinga er ei hylling til foreldra hans som gav han det musikalske grunnlaget i livet ❤️
28. november kom jule-EP'en "The Wishlist" ut. Ei juleplate for alle - også for dei som tykkjer jula er vanskeleg.