Last updated: 10 hours ago
Ragnar Bjerkreim (f.1958) er fødd og oppvaksen i Bjerkreim i Sør-Rogaland. I barne- og ungdomsåra fekk han piano- og orgelundervisning samstundes som han var utøvande musikar og kordirigent. Han har hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo.
Bjerkreim sin produksjon omfattar musikk til film, fjernsyn, teater, kor, viser og songar for barn. Med musikken til filmane Kamilla og Tyven (1988/89) og fjernsynsserien The Kon-Tiki Man (1989) etablerte han seg som ein av dei leiande mediekomponistane i Noreg. Han har også skrive jinglar for NRK, musikk til reklame og til ei rekkje fjernsynsseriar og fjernsynsprogram.
Bjerkreim er særleg kjent for musikken til Jakten på Nyresteinen og Velsigning frå Missa Caritatis. Velsigning sungen av Bodil Arnesen, Kamilla og Sebastian og Jungle of Beliefs framført av Morten Harket, er blant hans mest framførte låtar på nettet og i radio. Han har over 400 verk registrert i TONO, og mykje av hans musikk er innspelt på CD. Dei fleste albuma ligg på Spotify og på andre straumetenestar. Foto: Sol Nodeland, Marie von Krogh, Penelopefilm.

Monthly Listeners
7,756
Monthly Listeners History
Track the evolution of monthly listeners over the last 28 days.
Followers
500
Followers History
Track the evolution of followers over the last 28 days.
Top Cities
1,759 listeners
491 listeners
348 listeners
240 listeners
227 listeners